Alt-clairet

Det må vere lov å seie at Bordeaux har eit image-problem. Når eg skriv Bordeaux, så er det hovudsakleg dei 61 klassifiserte eigedomane i Medoc, og nokre tilsvarande dyre vinar frå Pessac, Pomerol og Saint-Emilion eg har i tankane. Jaudå, det finst kostbare vinar i Sauternes òg, men der er det ein langt meir arbeidsintensiv og uføreseieleg produksjon, som i større grad forsvarer ein høg … Les meir Alt-clairet

Alt-Chianti

Jasså? Er det revolusjon på gong, igjen? På ein måte, og det er faktisk heilt på sin plass. Mykje middels merlot har melta i magane til vindrikkarar sidan baron Ricasoli si Chianti-oppskrift fyrste gong vart utfordra på slutten av 1960-talet. Den gong var det krise, og Toscana, sangiovese og Chianti hadde skrikande behov of fornying og oppreising. Revolusjonen hadde nokre utilsikta biverknader, i form av … Les meir Alt-Chianti

Den Første Nattverden

-Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. I talen til disiplane under den første nattverden (eller den siste – alt etter perspektivet)  synte Jesus nok ein gong for ein gudbenåda retorikar han var. Kveldsmåltidet skjærtorsdag startar ei serie hendingar med  truskap og svik, benektning og benåding, død og attkomme. Hendingar som har forma – og fortset å forma – verda vi lever … Les meir Den Første Nattverden

Kult eller kalkun #1

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Chateau le Puy? Nei, det hadde ikkje eg heller. Denne vinen har trancendert vinverda og blitt teken opp i eit anna univers, og må difor … Les meir Kult eller kalkun #1

Bordeaux i bakspegelen

Eg hadde lyst på vin med litt substans. Vin med alder. Med utvikling. Kall det utforsking. Det er haust og dritvêr, og raudvin og kjøt kjem på agendaen. Bordeaux har trass i mange nedturar og ulike grunnar til skepsis, framleis eit godt utval her til lands. I Sverige er det anleis. Der er Bordeaux heilt ut kan ein svensk vinskribent fortelje meg. I skrivande stund … Les meir Bordeaux i bakspegelen

Bokmelding: Inside Bordeaux

Med inntoget av internett og lesebrett, er det kanskje rart at det framleis vert lansert papirbøker. Dei raske digitale media gjer det mogleg å oppdatere, korrigere og redigere innhald etterkvart som nye opplysningar og ny kunnskap kjem for dagen. Kunsten å lage ein vinbok som ikkje vert utdatert etter kort tid, er det ikkje mange som meistrar. Vinleksikon og referanseverk er tidkrevjande å lage, og … Les meir Bokmelding: Inside Bordeaux

Perler for vin

«Velkomen tilbake, Jan Tore. Sist time vart vi einige om at du skulle øva på å kjøpa ordentleg vin, og ikkje dei rare tinga du vanlegvis bestiller. Korleis har det gått?»
«Ikkje så veldig bra…»
«Uff – vil du snakka om det? Kva kjøpte du?»
«Cabernet Sauvignon…»
«Flott, Flott. Klassisk drue og greier.»
«…frå Tyskland.»
«Jo, jo. Tyskarane har vist at dei kan laga god  vin utanom riesl…»
«…med bobler.»
«…»
«Og bruskork…»
«…»
«…»

Les meir “Perler for vin”

Kardinalsynd og juksepavar #4

Kva har Siv Jensen sitt indianarkostyme, og isbit-utvinning frå Svartisen med vin å gjere? Det kjem vi til. Men du har kanskje allereie byrja å sjå teikninga her? Det handlar om å følgje skrivne og uskrivne reglar, om moralske kompass ute av kurs, ja slike ting. Fellesskap Som vinbonde og/eller vinprodusent er ein som regel del av eit fellesskap med andre i same situasjon på … Les meir Kardinalsynd og juksepavar #4

Don’t Take Your Love To Town

På drikkefronten er det ikkje tvil om at Tsjekkia er mest forbunde med bitterdram og øl, men nokre særingar driv også med vin. I Mähren, der 96% prosent av tsjekkisk vin vert produsert, veit ein at romarane oppfordra til drueplanting i år 278. Franske munkar planta druer her på 1200-talet, og Krasna Hora har i stor grad satsa på druer med fransk opphav.

Les meir “Don’t Take Your Love To Town”