Lo-Fi Gamay Noir 2016

Etter at dei skjerpa seg i Beaujolais, må vel Gamay vera verdas mest anvendelege raudvinsdrue? Lett og leskande til uformell drikking, lav alkohol slik at ein kan ta berre-eitt-glas-til-takk-skal-tidleg-opp-og-få-noko-ut-av-dagen, ryggrad nok til å takla ein matbit, du får mengder av sommelier-kred, og prisnivået er behageleg. Vin frå Moulin-à-Vent, Morgon og Fleurie gjev enormt med drikkeglede – korleis vil same drue oppføra seg med oppvekst i Sambandsstatane?

Les meir “Lo-Fi Gamay Noir 2016”

Wind Gap Trousseau Gris 2015

Polet seier rosévin, augene mine observerer gyllen oransje. Polet seier trousseau (synonym: merenzao) medan produsenten (og etiketten) seier at det er den kvite hybriden trousseau gris (innimellom omtalt som grey riesling i USA). Det skal ikkje vera enkelt…  Druesorten trousseau gris er uansett ikkje daglegdags – i California ser det ut til kun å vera hjå Fannuchi-Wood Road Vineyard i Russian Valley at drua har … Les meir Wind Gap Trousseau Gris 2015

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015 Eg trudde intuitivt at amerikansk pet-nat hadde med neste steg i mikrobryggerikulturen i Sambandsstatane å gjera, men så finn eg dette: “I believe the Catawba will make a superior Champaigne wine.” Året er 1847, sitatet er frå Nicholas Longworth – pioner i amerikansk vinproduksjon – og omhandlar musserande vin frå Ohio(!) laga av catawbadrua(!). Av dette sluttar eg at … Les meir Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015