Pirata da Viúva

Heimflyttar Diogo sitt jomfruprosjekt – dels i samarbeid med, dels i opposisjon til pappa – hjå Viuva Gomes i Colares. Eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa til med rekneskapet, men fann fort ut – røter er rare sånn – at ideen om å laga vin appellerte sterkt nok til å flytta heim att frå Lisboa. Colares har vore dødsdømd som vinregion ei stund, men det verkar som eit generasjonsskifte har brakt med seg ein forsiktig optimisme.

Les meir “Pirata da Viúva”

J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011 Modne blåplommer, lakris, potetskrell, svart pepar, lyng, skinnjakke, oliven;  kraftige -på grensa til brutale-  duftar. Rå potet tar litt mykje plass frå nyopna flaske. Med litt tid kjem parfymerte kryddertoner, nellik og einebær, saman med bringebær og litt treverk. Runder av etter ei stund og får eit slags fioler-i-fjøset-preg der blomar møter animalske sniff. Roleg anslag, litt kaotisk midtparti … Les meir J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011