Alt-clairet

Det må vere lov å seie at Bordeaux har eit image-problem. Når eg skriv Bordeaux, så er det hovudsakleg dei 61 klassifiserte eigedomane i Medoc, og nokre tilsvarande dyre vinar frå Pessac, Pomerol og Saint-Emilion eg har i tankane. Jaudå, det finst kostbare vinar i Sauternes òg, men der er det ein langt meir arbeidsintensiv og uføreseieleg produksjon, som i større grad forsvarer ein høg … Les meir Alt-clairet

Kult eller kalkun #1

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Chateau le Puy? Nei, det hadde ikkje eg heller. Denne vinen har trancendert vinverda og blitt teken opp i eit anna univers, og må difor … Les meir Kult eller kalkun #1

Kardinalsynd og juksepavar #4

Kva har Siv Jensen sitt indianarkostyme, og isbit-utvinning frå Svartisen med vin å gjere? Det kjem vi til. Men du har kanskje allereie byrja å sjå teikninga her? Det handlar om å følgje skrivne og uskrivne reglar, om moralske kompass ute av kurs, ja slike ting. Fellesskap Som vinbonde og/eller vinprodusent er ein som regel del av eit fellesskap med andre i same situasjon på … Les meir Kardinalsynd og juksepavar #4