Eik: Slavonia

Kroatia har om lag ei tredjedel av arealet sitt  dekka med skog, og mykje av dette ligg i den nordaustlege delen som vert kalla Slavonia. Dette er ein av fire historiske regionar, og ikkje ein politisk eller administrativ eining innan dagens Kroatia. Det har likevel etablert seg i vinverda som eit geografisk interessant område for eik, slik at kroatisk eik ikkje vert kalla det, men … Les meir Eik: Slavonia

Pirata da Viúva

Heimflyttar Diogo sitt jomfruprosjekt – dels i samarbeid med, dels i opposisjon til pappa – hjå Viuva Gomes i Colares. Eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa til med rekneskapet, men fann fort ut – røter er rare sånn – at ideen om å laga vin appellerte sterkt nok til å flytta heim att frå Lisboa. Colares har vore dødsdømd som vinregion ei stund, men det verkar som eit generasjonsskifte har brakt med seg ein forsiktig optimisme.

Les meir «Pirata da Viúva»

Vive la Revolution!

Innan idretten er det ei stor grad av spesialisering og jag etter rekordar, særskild i individuelle greiner i friidrett og symjing. Det er enormt mange som driv med 100m, 200m, 1500m eller marathon, og å kunne nærme seg dei beste eller å slå verdsrekorden er eit stort mål. Vinverda har òg aktørar som uavhengig av kvarandre, og av og til ufrivillig bidreg til einsretting eller … Les meir Vive la Revolution!