Vin til under 200-lappen

Flygarstreik, lærarstreik, høge gassprisar, krig i Ukraina, tørke i Europa, stigande rente og rekordhøg inflasjon. Krisene står i kø i 2022, og fleire av dei fører til mindre å rutte med for deg og meg. For nokon av oss har det kome så langt at vi må kutte i vinbudsjettet. Kva skal du drikke då? Her kjem Nattverden sine beste tips til gode vinar som … Les meir Vin til under 200-lappen

Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018

Ah, britiske bobler. Der til dømes Hambledon vart starta av ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet, er det noko meir edrueleg med ekteparet Simpson, som – etter ein tjuvstart i Languedoc – etablerte seg i Kent i 2012. Her har dei på rekordtid fått til ikkje berre musserande, men også stille vinar, både kvitt og raudt.

Les meir «Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018»

VDP.ambassadør

I månedskiftet august/september ble jeg invitert til å bli en såkalt VDP-ambassadør. Verein Deutscher Prädikatweinguter er en privat medlemsorganisasjon med rundt 200 medlemmer. Blant deres medlemmer finnes mange av Tysklands udiskuterbart beste vinprodusenter. Ambassadøropplegget er utformet som et kurs som går i dybden både i VDPs regelverk og viner. Gjennom disse dagene blir også et godt knippe viner presentert. Siden jeg uansett har gjort notater … Les meir VDP.ambassadør

Ei flaske: rett opp i glaset!

Har du nokonsinne opplevd #denkjensla av at vinen i glaset på ein måte har hoppa over eit ledd eller to i produksjonsprosessen? Når det er som om essensen av jorda og druene ikkje vert forstyrra av gjær, eik eller malolaktisk omdanning. Ah, det er litt av ei openberring. Men det skjer ikkje så ofte. Kanskje er det ein gong i blant at vêr, vinmaking og … Les meir Ei flaske: rett opp i glaset!

Plastik fantastik

Når du står på polet, med ei flaske eller bag-in-boks i handa; tenkjer du nokon gong på korleis vinen kom til landet? Reiser han frå den sørlege halvkule, må han krysse ekvator på vegen nordover. Det betyr at riktig transport som ikkje utset vinen for stor temperaturauke, er viktig. Sjølv om mykje kjem ferdigtappa på flasker av glas, er ein stadig aukande del sendt i … Les meir Plastik fantastik

Girlpower

Det er den internasjonale kvinnedagen, og det passar å servere vin frå kvinnehand. Gjer det noko frå eller til, om vinen er laga av ei kvinne heller enn ein mann? Kanskje ikkje for vinen, men for kvinna. Kvinner er underrepresenterte i vinverda. La dei få sin rettmessige plass ved gjæringskaret. Piker kan pigeage! Andrea Mullineux – kvinnen i kjøleskapet Mullineux er ei av mange kjærleikshistorier … Les meir Girlpower

Bobler frå Balkan

Om nokon ber deg ramsa opp dei store vinlanda i Europa er Romania neppe høgt på lista. Likevel har dei største vindruedyrkearealet i Aust-Europa og snuser på ditto femteplass for heile Europa. I riktig gamle dagar var søte Cotnari meir omtykt enn Tokaji og dei kan i tillegg skryta på seg ei vindrikkande befolkning – få prosent av produksjonen forlèt landet. Elles er nyare vinhistorie det vanlege: hardt råka av phylloxera på slutten av 1800-talet, gjenplanting av populistiske drueslag i staden for dei tradisjonelle.

Les meir «Bobler frå Balkan»