Perler for vin

«Velkomen tilbake, Jan Tore. Sist time vart vi einige om at du skulle øva på å kjøpa ordentleg vin, og ikkje dei rare tinga du vanlegvis bestiller. Korleis har det gått?»
«Ikkje så veldig bra…»
«Uff – vil du snakka om det? Kva kjøpte du?»
«Cabernet Sauvignon…»
«Flott, Flott. Klassisk drue og greier.»
«…frå Tyskland.»
«Jo, jo. Tyskarane har vist at dei kan laga god  vin utanom riesl…»
«…med bobler.»
«…»
«Og bruskork…»
«…»
«…»

Les meir “Perler for vin”

Castell’in Villa Chianti Classico 2012

Castell’in Villa Chianti Classico 2012 Ein gamal kjenning som har synt seg å levera super kvalitet til gunstig pris kvart einaste år. Garden er driven av ei ordentleg prinsesse som overtok i 1968, i tillegg dyrkar dei oliven og knerter villsvin i skogen sin. Handplukka druer frå 40 år gamle økologiske vinplanter, spontanfermentert, tre veker på skalet, ufiltrert. Veldig umiddelbar frå nyopna flaske. Kirsebær, raudt … Les meir Castell’in Villa Chianti Classico 2012