Riesling on The Fly

Grunnlagt i 1711 og mildt sagt ein veteran når det gjeld dyrking av riesling rundtomkring Forst og Deidesheim. Det er liksom ikkje mangel på legendariske vinmarker i Pfalz – Pechstein og Ungeheuer kjenner vi frå Mosbacher, Jesuitengarten frå tidlegare møter med Acham-Magin.

Skuffande nok har vinmarka Mäushöhle ingenting med Tom & Jerry å gjere, men kjem frå familienamnet ‘Maus’ saman med eit leksem av det tyske ordet for skråning. Familiegard heile vegen, økologisk sidan 2010, biodynamisk sidan 2012…

Les meir “Riesling on The Fly”

Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Spätlese Trocken 2016

Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Spätlese Trocken 2016 Det var i den tid eg gjekk litt mållaust rundt på Vinmonopolet då eg fekk auga på ein gamal ven eg ikkje hugsa kortid eg møtte sist. Av ein eller annan grunn hadde Leitz gått i gløymeboka oppi alle desse rieslingflaskene med lange namn, men denne gongen blei ho med meg heim. Veldig mykje geologi frå nyopna flaske. … Les meir Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Spätlese Trocken 2016

Manincor Kalterersee Keil 2014

Manincor-familien har med handa på hjartet drive familiegarden i Kaltern i det som med tid og stunder vart norditalia, heilt sidan dei fekk jordlappen i gåve frå den austerrikske keisaren i 1608. Undervegs gifta Enzenbergarane seg til gards, og i dag er det Grev Michael Goëss-Enzenberg som styrer skuta. Då han overtok i 1991 var druene etterspurd salsvare til kooperativa i nordtyrol, men Manicor produserte … Les meir Manincor Kalterersee Keil 2014