Ca ca ca castelão!

Til å vere Portugal si (nest?) mest planta drue, er castelão ikkje mykje framme i søkjelyset. Og vi har vel ikkje vore så ivrige her på Nattverden heller. Det er på tide å kike på kva denne druesorten kan få til på eiga hand. Portugal har mange eigne druer, og dei har lange tradisjonar for å lage vin på fleire sortar. Usikre tal Kjeldene spriker, … Les meir Ca ca ca castelão!

40 dagar med fisk

Det er nok ikkje alle som kjenner på at det å praktisere faste er det dei har mest lyst til no. Byar og bygder er meir eller mindre stengd ned, med stengde restaurantar, butikkar, treningssenter og kulturtilbod. Det vi har att, er i stor grad å forsøke å kose oss i heimen med det vi måtte klare å koke sjølv. *googlar Beef Wellington* Fasten er … Les meir 40 dagar med fisk

Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

Fast i fisken, fisken i fasten

Vi er inne i fastetida. Det betyr 40 dagar med fisk på menyen, fram til påskeafta. Slik var det i alle høve tidlegare, i dei katolske landa i Sør-Europa og deira koloniar. Sjølv om det ikkje er så mange katolikkar i Noreg, finst det rikeleg med grunnar for både protestantar og heidningar til å balansere eit norsk overflodsliv med ein liten periode med mindre kjøt, … Les meir Fast i fisken, fisken i fasten

Sercial Killer

Vesle og bratte Távora-Varosa – omtrent der Douro blir til Beira eller omvendt – kan takka Cisterciensar-munkane for dei første vingardane i området. Her veks druene 500 meter over havet, og sjølv varme dagar om sumaren kan ikkje kompensera for kalde netter, noko som gjer at dei ofte strevar med å bli ordentleg modne. Om noko vin skal bli bra her så må det vera musserande.

Les meir “Sercial Killer”

Smaksnotater Århundrets årgang i Douro

Hvitvin 2018 94 poeng Guru Wine & Soul 12,5 % alkohol Kommer fra en stupbratt vinmark med veldig gamle vinstokker. Laget av en såkalt «field blend», som rett og slett betyr at marken er såpass gammel at vinene ble plantet slik man gjorde den gang, men en enorm rekke ulike druesorter plantet om hverandre. Bortsett fra at innhøstingen tok tid den gang var dette en … Les meir Smaksnotater Århundrets årgang i Douro

Bleik bastard

Trousseau/merenzao/maturana tinta/maría ordoña/verdejo negro/bastardo, grøderike og uekte barn får mange namn. Drua kjem frå Jura i Frankrike, og analyser av arvestoffet viser at savagnin er mora. Men kven er faren? Han stakk av utan å leggje att namn og nummer.. Ja, det er nok ein bastard, dette. Uansett er sorten sett i skuggen av sine meir kjende søsken. Dei går under namna sauvignon blanc og … Les meir Bleik bastard

Colinas do Douro Reserva 2015

With a vision of creating wines that transmit the unique character of the “UM DOURO SUPERIOR”, we devote ourselves intensely and genuinely to our work, from sunrise to sunset, harvest after harvest. Colinas do Douro Reserva 2015 Touriga Franca 30%, Touriga Nacional 30%, Tinto Cão 20%, Tinta Roriz 20% Bjørnebær, tørt treverk, nellik, litt muskat, litt vanilje.  Glir over i blåplommer og rips med tid … Les meir Colinas do Douro Reserva 2015

Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015

Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015 Produsent (og drue) som er mest kjend for portvin, men som i aukande grad fokuserar på svakvinsegmentet og har ein enorm breidde i sortimentet sitt. Tydelege duftar. Modne, blå plommer, fioler, mørk sjokolade, skinnjakke, litt vanilje, Fyldig anslag, juicy og leskande; litt ‘tungt’ midtparti med plommer og urter, mykje syre i lang avslutning. Enkle, men reine smakar – behageleg, … Les meir Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015