Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

R.I.P. – Riesling i parkett

På gravsteinen Om du har vore på ein kyrkjegard har du nok lagt merke til eldre gravsteinar. Det som skil desse frå nyare, er at yrket til personen som er gravlagt somme tider er teke med. Meieribestyrar, disponent, overlærar, gardbrukar, lækjar, prest og klokkar er titlar som fortel noko om vedkommande. Fødselsdato og dødsdato fortel om alderen. Og det står gjerne nokre ord om sakn … Les meir R.I.P. – Riesling i parkett

Nøytral +-

Vin er naturlig i den forstand at det ikkje er naudsynt å tilsetje noko for å lage det. Gjærsopp finst på skalet og i lufta rundt oss. Druene må berre hjelpast gjennom ulike prosessar. Men skal det bli god vin, må vi godta at menneskeleg kulturell påverking er av eit gode. Vitis vinifera er ein klatrebusk, og utan oppbinding og beskjæring ville resultatet vorte ein … Les meir Nøytral +-