Girlpower

Det er den internasjonale kvinnedagen, og det passar å servere vin frå kvinnehand. Gjer det noko frå eller til, om vinen er laga av ei kvinne heller enn ein mann? Kanskje ikkje for vinen, men for kvinna. Kvinner er underrepresenterte i vinverda. La dei få sin rettmessige plass ved gjæringskaret. Piker kan pigeage! Andrea Mullineux – kvinnen i kjøleskapet Mullineux er ei av mange kjærleikshistorier … Les meir Girlpower

La Berta Pagadebit 2015

Uansett kor stusseleg året hadde vore kunne du alltid stola på at Bombino Bianco leverte ei stødig avkastning uansett ver og temperatur – så vesentleg for økonomi og nedbetaling av gjeld at drua nokon stader i Italia har fått namnet Pagadebit. Nattverden har tidlegare smakt Bombino Bianco i blanding med Malvasia og Trebbiano. Korleis klarer drua seg heilt åleine?

Les meir “La Berta Pagadebit 2015”