
Eva Fricke Riesling 2017
Ryktet om eit nytt stjerneskot i Rheingau har sirkulert ei stund, og det er verkeleg på tide å sjekka kva ho har å fara med.
Les meir «Eva Fricke Riesling 2017»Ryktet om eit nytt stjerneskot i Rheingau har sirkulert ei stund, og det er verkeleg på tide å sjekka kva ho har å fara med.
Les meir «Eva Fricke Riesling 2017»Sjølv om drua er ein forfar til meir berømte Cabernet Sauvignon, så får ikkje Cabernet Franc noko særleg merksemd. Sannsynlegvis stammar drua frå Bordeaux, men blir behandla med meir respekt i Loire der ho trivst godt i relativt kjøleg mikroklima.
Les meir «Beatrice & Pascal Lambert Chinon les Terrasses 2015»Det første sniffet
snø ligg over pæretreet
rein som soloppgang
Strågul med rosa skjær
fruktig aroma møter nase
delikat sitrusblome
«Aust er aust og vest er vest, og aldri skal dei to møtast», skreiv Rudyard Kipling i diktet frå 1889. Visst kan det vere at vi snakkar fordi kvarandre. Det er mange saker ved ulike asiatiske kulturar vi i vesten ikkje forstår. Og visa versa. Men ved bordets gleder har vi byrja å nærme oss kvarandre. Fasinasjonen for den andre går begge vegar. På tallerken … Les meir Snikande sødme, skjult umami
Malvasia, Trebbiano og Bombino, spontanfermentert, ingen skalmaserasjon, ingen svovling, ingen filtrering. Månekalender og nullintervensjon, kun druer og intuisjon…
Les meir «Cantina Ribelà Bianco 2016»Eksentrisk antipode-vin frå ekteparet Patrick og Megan Sullivan – utfordringa dei ser ut til å gje seg sjølv er å leggja mest mogleg av kvalitetsgrunnlaget i åkeren og gjera minst mogleg i kjellaren.
Les meir «Patrick Sullivan Amazon Yarra Valley 2016»Eg er svak for Nahe generelt og Hexamer spesielt. I Nahe – med namn frå elva som møter Rhinen, og eit litt oversett distrikt aust for Mosel, tett opptil Rheingau og Rheinhessen – får vinen sødme frå varme dagar og syre frå kalde netter – og alle produsentane har dritkule namn som Dönnhof, Kruger-Rumpf og Schäfer. Og Hexamer… Harald Hexamer har frå han overtok garden i 1999 blitt kjend for å laga eiswein og andre søte vinar med konsentrasjon i verdsklasse, og veldig gode tørre vinar i budsjettklassen. No er det komen ein ny vin i sistnemnte kategori – kan han halda kvaliteten oppe med ein vin til under 150,-?
Les meir «Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017»Den store kloke boka om vindruer, Wine Grapes frå 2012 av Robinson, Harding og Vouillamoz, handlar om 1368 ulike druesortar. Det finst sikkert fleire, men desse 1368 meiner forfattarane vert brukt i kommersiell vinproduksjon. I starten av boka vert druesortane sortert etter kva land dei stammar frå. Italia er klart størst med 377, Frankrike nummer to med 204 og Spania kjem så med 84. På ein … Les meir Baga
Sand har vore ei velsigning og ein forbannelse for vindyrking i Colares, vest for Lisboa. Vinlusa – phylloxera – hatar sand, og dette gjorde at området kom uskadd frå raseringa av vinplantar i Europa på slutten av 1800-talet. På den andre sida har sand ein tendens å trekkja til seg den andre naturlege fienden til vinmakarar – eigedomsmeklaren – noko som har gått hardt ut over areala det blir dyrka druer på. For tida er det berre 6 produsentar igjen i Colares DOCen.
Les meir «Viúva Gomes Reserva Tinto 1934»Roar Aune og Petra Lohman fann vindraumen i Dão der dei etter kvart produserer rundt 10 000 flasker årleg på garden. Paret vart hardt råka av brannane i 2017, men pågangsmotet er tydeligvis der enno, og det ser ut som nye årgangar er i rute.
Les meir «Vin Aune»«A natural wine is a wine you produce without a fixed goal at the end»
Les meir «Jauma Hitzky Pet Nat 2016»Tyngdepunkt flyttar seg. Ein gong i tida var det Tenerife og Somló som lagde verdas beste vin, og vinane frå Rivesaltes sto på alle bord i Frankrike. Naturkatastrofar – det være seg vulkanutbrot eller bladlus, brutal realpolitikk eller moteluner har gått ut over både distrikt og druer gjennom historia.
Les meir «Braida La Regina Langhe Nascetta 2017»Vanlegvis handlar desse introane om ein eller annan tippoldefar som med druer og dynamitt la grunnlaget for bruket. François Villard har ikkje ei slik ættetavle – han har restaurantbakgrunn og er sjølvlært vinmann. Første stokkane vart planta i 1991 – etter kvart har jordsjuke og eksperimentlyst balla på seg og han produserer årleg over 200 000 flasker i 25 ulike cuveear.
Les meir «François Villard Jouvet Cornas 2013»Eit steinkast sør for Roma ligg Frascati – antakeleg vinregionen med dårlegast rykte i Italia – berykta for kommersiell og billig vin retta mot budsjett-turistane i hovudstaden. Sidan 2014 har familien Presutti prøvd å gjera noko med dette. Dei fekk i starten leigd seg ein ‘ubesudla’ parsell og har etter kvart fått kjøpt nok land til å laga vin med eigne druer. På 350 meter … Les meir Cantina Ribelà Ribolie 2017
Champagne er under press frå mange kantar. England har meldt seg på i boblekonkurransen, Cremantar får stadig høgare kvalitet, og sjølv Tasmania vil vera med. Antakeleg er det eg som ikkje følgjer med, men tilsynelatande brått var det mykje musserande frå Tyskland å velje i – både frå kjende og ukjende produsentar.
Les meir «Blood Sugar Sekt Magik»