Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

Vermentino finns over det meste av Indre Middelhav. Det er antakeleg same sort som Pigato og Favorita på fastlandet, og Rolle i Provence, men det er på Sardinia og Korsika drua har funne ein ordentleg heim. På Sardinia har drua fått ein eigen appellasjon og blir brukt i øyas einaste DOCG Vermentino di Gallura. Nordaust på Sardinia ligg Vigne Surrau som dyrkar Cannonau, Carignano, Muristellu, … Les meir Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

Simpsons already did it

Vi veit etter kvart at britane kan laga musserande vin, vil dei også kunne hevda seg på den boblefrie marknaden? I Kent har ekteparet Simpsons satt seg føre å laga stille vin med eigne druer – planta i 2014 og utover dei neste åra. Sidan 2016 har dei produsert musserande vin på sjampanjemetoden, pluss Pinot Noir, og Pinot Meunier vinifisert som kvit! Og altså Chardonnay som vi skal smaka i kveld.

Les meir “Simpsons already did it”

Moment of Silence

Pieter Walser, drop-out og surfeboms som byrja å laga vin på gøy, som har hatt meir kontakt med politiet enn med naboane, som syns det er mindre stress å laga 30 ulike vinar årleg fordi då har han fleire bein å stå på om noko ikkje blir så bra han skulle ønskje. Som syns det er mindre arbeid å kjøpa og hente druer frå meir enn 60 druebønder, enn å dyrka sjølv. Og som gjer alt dette kun med ein assistent i staben.

Les meir “Moment of Silence”

François Villard Jouvet Cornas 2013

Vanlegvis handlar desse introane om ein eller annan tippoldefar som med druer og dynamitt la grunnlaget for bruket. François Villard har ikkje ei slik ættetavle – han har restaurantbakgrunn og er sjølvlært vinmann. Første stokkane vart planta i 1991 – etter kvart har jordsjuke og eksperimentlyst balla på seg og han produserer årleg over 200 000 flasker i 25 ulike cuveear.

Les meir “François Villard Jouvet Cornas 2013”

Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp. Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015   Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny … Les meir Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015