Storbyferie?

Bølgjande grøne landskap, ein dal med vinstokkar oppetter sidene, ei slyngande sakte elv i botnen. Her og der ei koseleg husklynge, på beitemarkene går det kyr. Mjølka vert sikkert ein lokal ost med eit vanskeleg namn. Ja slik ser vi for oss eit typisk vindistrikt. Dei geografiske og klimatiske tilhøva som gjer at vinplanten trivst og gjer topp vin, er ikkje alltid samanfallande med store … Les meir Storbyferie?

Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Sidan 1750 har slekta dyrka druer i rundt Langenlois, eit kvarters biltur nord for Donau i Kamptal, Austerrike. I dag er det to generasjonar Rabl som deler ansvaret på garden mellom seg – medan Rudolf sr. er ute i dalsidene, har Rudolf jr. kontroll i kjellaren. Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017 Parfymert blomsterduft, nyslått gras, våt stein, grøne druer(!), gule eple, noko ørlite tropisk langt … Les meir Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Kalkspitzgefühlen

I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet? Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I … Les meir Kalkspitzgefühlen

Meinklang Naken Grüner Veltliner 2016

Innimellom 800 angus-kyr har biodynamisk duo Angela og Werner Michlits ansvaret for vin på Meinklang-garden. I tillegg til vin vert det også dyrka korn, frukt og grønnsaker – og det blir laga kjøttprodukt frå svin og storfe. Gjødsel frå angusane fullfører den biodynamiske sirkelen. Antroposofane hjå Meinklang i Burgenland byrjar å få ein omfattande portefølje – frå alkoholfritt til boksvin – og no er den jamen … Les meir Meinklang Naken Grüner Veltliner 2016

Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om? Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist  perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er … Les meir Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015