Den andre Pinot-en

Alle gode lag treng arbeidshesten – som tar løpet tilbake i forsvar når stjerna mister ballen, som heller måker ballen over tribuna enn å prøva seg på ein piruett, som kontinuerleg gjer jobben sjølv om hen aldri vil få noko Ballon d’Or. I skuggen av kjendisane Pinot Noir og Chardonnay har Pinot Meunier fått denne rolla i Champagne. Drua dannar skot seint og modnar tidleg – ein verdifull eigenskap i ein kjøleg region – og tar med seg mjuk frukt til blandinga. Meunier står for 32 prosent av druedyrkinga i Champagne, vil drua klare seg åleine i flaska?

Les meir “Den andre Pinot-en”

Lyrarakis Vilana 2017

Det ser ut til at Kreta er staden for obskure druer. Vilana har eg korkje smakt eller høyrd om før eg fekk denne flaska i labbane. Visstnok ofte blanda med malvasia, men denne gongen heilt åleine… Lyrarakis Vilana 2017 Våt stein og honning frå nyopna flaske. Gule eple, litt parfymert blomsterduft. Gjer ikkje så mykje av seg på snuten, men har ein enkel og stillferdig … Les meir Lyrarakis Vilana 2017