Stiløvingar: 3xSonnenuhr

“Menneske er berre heilt menneske når det leikar.” Friedrich von Schiller Eg har 99 versjonar av historia, men sanninga er ikkje ei. Den tynne, men innhaldsrike boka Stiløvingar av Raymond Queneau (1947), som eg har i Ragnar Hovland si norske omsetjing (1996), har lege der som ein potensiell inspirasjon til å arrangere ei smaking av nokre vinar. Når så ein gjeng kameratar skulle kome på … Les meir Stiløvingar: 3xSonnenuhr

High tech/low tech i Roter Hang

Johannes Hasselbach er sjette generasjon som dyrkar druer i Roter Hang, men han ser ikkje veldig lyst på framtida. Vil det vere mogleg i seks generasjonar til? Han er sertifisert økologisk sidan 2022, og arbeider med ein del biodynamisk metodar. Men han seier i ein nettprat med underteikna at om det kjem ein årgang til som 2024, vil han vurderer å trekke seg frå øko-sertifiseringa. … Les meir High tech/low tech i Roter Hang

Mosel 2021

Set du pris på årgangsforskjellar? Det gjer eg. Dei kan vere nådelause i marginale vekstsoner. Eit år med dårleg mogning kan gje mykje grøn og trang vin. Ein middels årgang kan vere topp for folk med dårleg tolmod. Det kan vere lenge å vente før vinen frå toppårgangar når sitt ekvilibrium. Difor er “mellomårgangar” med mindre struktur og kortare horisont gode å drikke lenge før … Les meir Mosel 2021

Hey 19

Det er ikkje utan grunn at eg ser med ekstra stor forventning på 2019-årgangen. Og då særskild i Mosel. Eg var med på innhaustinga av druer hjå Weingut Weiser-Künstler i Traben-Trarbach. Sjå til dømes denne, og denne, som eg skreiv medan eg var der i september-oktober. Difor måtte eg prøve ein blodfersk 2019-vin som kom no i mars. Vêret i 2019 gav mykje grå hår … Les meir Hey 19

Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp. Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015   Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny … Les meir Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

Kabinettspørsmål #1

«Kabinettsspørsmål er et pressmiddel en regjering kan bruke overfor nasjonalforsamlingen i et parlamentarisk system for å få en sak vedtatt. Når en regjering eller et regjeringsmedlem truer med å forlate sin stilling om ikke det nødvendige flertall stemmer for, stiller de kabinettsspørsmål. I Norge har kabinettsspørsmål blitt brukt en rekke ganger. Både regjeringen til Kåre Willoch i 1986 og til Kjell Magne Bondevik i 2000 gikk av som følge … Les meir Kabinettspørsmål #1