Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Sidan 1750 har slekta dyrka druer i rundt Langenlois, eit kvarters biltur nord for Donau i Kamptal, Austerrike. I dag er det to generasjonar Rabl som deler ansvaret på garden mellom seg – medan Rudolf sr. er ute i dalsidene, har Rudolf jr. kontroll i kjellaren. Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017 Parfymert blomsterduft, nyslått gras, våt stein, grøne druer(!), gule eple, noko ørlite tropisk langt … Les meir Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om? Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist  perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er … Les meir Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015