Grape Britain

Pinot Meunier er ein sjølvsagt del av sjampanje-treeininga, men samstundes er drua den mystiske onkelen som vert påfallande lite snakka om i resten av familien, sjølv om det blir dyrka omtrent like mykje Meunier som Chardonnay i regionen. I kjølege Champagne er drua velsigna med å blomstra seint og mogna tidleg, noko som aukar oddsen for feilfritt sluttprodukt. På andre sida av sundet har britiske Simpsons ein eigen parsell med Meunier i hagen, og har funne det opportunt å laga ein stille kvitvin av druene.      

Les meir “Grape Britain”

Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018

Ah, britiske bobler. Der til dømes Hambledon vart starta av ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet, er det noko meir edrueleg med ekteparet Simpson, som – etter ein tjuvstart i Languedoc – etablerte seg i Kent i 2012. Her har dei på rekordtid fått til ikkje berre musserande, men også stille vinar, både kvitt og raudt.

Les meir “Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018”