Kretiske funksjonar

Eg medgjev at eg aldri har fått heilt fot for Muscat-greina i det store vintreet, anten det er overaromatiske austerrikarar, blomstrete franskmenn eller generiske dessertvinar. I alle fall før eg oppdaga Aimilios Andrei – med bakgrunn frå Thymiopoulos og Commando G – som eigentleg var på leit etter høgfjellsplanta Kotsifali på Kreta, men som fant eldgamal Moschato Spinas i staden.   

Les meir «Kretiske funksjonar»

Lyrarakis Vilana 2017

Det ser ut til at Kreta er staden for obskure druer. Vilana har eg korkje smakt eller høyrd om før eg fekk denne flaska i labbane. Visstnok ofte blanda med malvasia, men denne gongen heilt åleine… Lyrarakis Vilana 2017 Våt stein og honning frå nyopna flaske. Gule eple, litt parfymert blomsterduft. Gjer ikkje så mykje av seg på snuten, men har ein enkel og stillferdig … Les meir Lyrarakis Vilana 2017

Lyrarakis Plyto Psarades 2017

Lyrarakis Plyto Psarades 2017 Opp med handa dei som har høyrd om vindrua plyto før. Opphav på Kreta og nær utrydda, men redda av folka hjå Lyrarakis som nesten har gjort det til eit kall å rekultivera opprinnelege druesortar – Vidiano, Plyto, Mandilari, Vilana, Thrapsathiri og Kotsifali – noko som enkeltdruevinar, andre i blanding med Assyrtiko, Syrah og Merlot. I tillegg verkar dei ekstra stolte … Les meir Lyrarakis Plyto Psarades 2017