Vive la Revolution!

Innan idretten er det ei stor grad av spesialisering og jag etter rekordar, særskild i individuelle greiner i friidrett og symjing. Det er enormt mange som driv med 100m, 200m, 1500m eller marathon, og å kunne nærme seg dei beste eller å slå verdsrekorden er eit stort mål. Vinverda har òg aktørar som uavhengig av kvarandre, og av og til ufrivillig bidreg til einsretting eller … Les meir Vive la Revolution!

Savennières – Roche aux Moines

Ein av dei store Appellation Savennières i Loire har ei strålande fortid, men er hamna i skuggen. Loire er eit distrikt med mange fasettar, og for middels opplyste sjeler er det nok å hugse Sancerre og var det ikkje ein raudvin på cabernet franc? Då var det noko anna i mellomkrigstida: sola skein på Savennières og Maurice Edmond Sailland med kunstnarnamnet Curnonsky rangerte Coulée de … Les meir Savennières – Roche aux Moines

Wine with altitude

Bukettraube – etter kvart som innhaldet i flaska forsvinn vert det meir og meir morosamt å sei namnet  høgt – er mellom dei svært sjeldne drueslaga. I utgangspunktet er Bukettraube den første krysninga i moderne tid og er halvt Silvaner og halvt Trollinger. Opphavleg  frå Tyskland, men der var ho sårbar for mjøldogg og modna seint – visstnok skal det finnast litt beplantning i Alsace, men det er i Sør-Afrika ho har funne den siste tilfluktsstaden. I dag er det berre knapt 77 hektar med drua igjen i verda.

Les meir “Wine with altitude”

Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

  Fusser Blanc de Pinot Noir 2016 Kvit pinot noir er ikkje heilt daglegdags kost, men eit kjapt søk syner at det blir laga rundtom i Europa, i USA og i New Zealand. Det kan sjølvsagt vera eit ønske om å vera kontrær og eksperimentell, men har antakeleg meir med å kunna hausta drua tidlegare i mogninga og dermed kunna dyrka pinot noir i kaldare … Les meir Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013 Immich-Batterieberg er mellom dei eldste vingardane i Mosel, med familiehistorie attende til 1425. Ekstremt bratte og kvartsrike vinmarker er opparbeida med handkraft og store mengder dynamitt. Veldig riesling rett frå nyopna flaske. Svovel, våt stein, ubestemmeleg moden frukt. Lufter fort av til fordel for honning, gule eple og tropisk nektar. Delikat snute med meir og meir tropisk preg.   Ørlite badeball bakom, … Les meir Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Ormarine Picpoul de Pinet 2016

Ormarine Picpoul de Pinet 2016 Ny dag, ny drue… Picpoul er ei av dei gamle druene i Languedoc og har eit høgt syreinnhald – piquepoul betyr leppesvie – så sitronpreg er forventa… Pære og stein – blindt hadde eg antakeleg blitt cocky og gått til nordportugal og sagt alvarinho – kvite blomster og sitrus med litt tid i glaset. Fyldig anslag, floral, litt lubbent midtparti … Les meir Ormarine Picpoul de Pinet 2016