Grapes of What?

Som vanleg med italienske druer endar eg opp meir forvirra etter kjeldearbeidet enn då eg starta. Den vesle vinregionen Lugana – sør for Garda-sjøen, ikkje så langt frå Verona – har i hovudsak spesialisert seg på kvite druer, nærare bestemt turbiana. Fordi drua lokalt vart kalla trebbiano di Lugana antok dei som bryr seg om slikt at det berre var nok eit medlem av trebbiano-familien. Så kom vin-CSI med dna-testing og sånn, og hevda at drua berre var verdicchio med sexy namn. Dette vart ikkje godt mottatt i Lugana, og regionale krefter – antakeleg med mektige venar – har frå 2021 fått registrert turbiana som eit eige drueslag – dog tett i slekt med verdicchio. Dette i følgje nettsider som stort sett siterer kvarandre. Og enno har vi ikkje snakka om trebbiano di Soave. Eg resignerer og vil heller ha vin…

Les meir “Grapes of What?”