Oransje frå Libanon
Atter skal dei bu i min skugge,
endå ein gong skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå Libanon.
Atter skal dei bu i min skugge,
endå ein gong skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå Libanon.
-Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. I talen til disiplane under den første nattverden synte Jesus nok ein gong for ein gudbenåda retorikar han var. Kveldsmåltidet skjærtorsdag startar ei serie hendingar med truskap og svik, benektning og benåding, død og attkomme. Hendingar som har forma – og fortset å forma – verda vi lever i. Eg er vintreet, de er greinene. Om … Les meir Den Første Nattverden
Libanesisk vin i Noreg er ikkje lenger synonymt med Musar. Etter kvart har fleire produsentar meldt seg på. Nattverden testa Chateau Kefraya 2012 for ei tid tilbake – korleis vil entry level-vinen deira som har lista seg inn i basisutvalet på Vinmonopolet til 155 kroner hevda seg i eit stadig tettare Libanon-heat?
Les meir «Ch. Kefraya Les Bretèches 2016»Det er ikkje mange setningane om syrisk vin i vinbøkene mine. Det er ingen detaljerte kart over vinmarkene. Syria har vore mykje i mediebilete, men ikkje i kulturavdelinga. Trass i at landet har 45 000 hektar planta med druer, er det lite vinproduksjon. Mesteparten går til borddruer eller til produksjon av brennevinet arak. Etter ein telefonsamtale med Karim Saadé, som saman med broren Sandro eig … Les meir Julefred over Syria?
Igjen skal dei bu i hans skugge,
dei skal dyrka korn
og bløma som vinstokken.
Hans namn skal bli som vinen frå Libanon
(Hosea 14.8)
I Noreg har Libanesisk vin vore synonymt med Musar, men i søraust i Bekaadalen er det fleire som vil vera med på leiken. Chateau Kefraya planta dei første vinstokkane i 1951 og lagde – sjølv med vedvarande borgerkrig – sin første årgang i 1979. På 300 hektar med terrassar dyrkar dei Cabernet Sauvignon, Syrah, Chardonnay og Viognier, men også meir sære druesorter som Carménère, … Les meir Ch. Kefraya 2012
Igjen skal de bo i hans skygge, de skal dyrke korn og blomstre som vinstokken. Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8) 2013 var eit år som Musar sjølv oppsummerte med eitt ord: Elegant. På tusen meter har dei snø også i Libanon, og både vår og sommar var kjølegare enn vanleg, medan ei plutseleg varmebølgje i august sat fortgang i modning … Les meir Ch. Musar Aana 2013
VIN:
Chateau Musar 2008
I know, I know; dette er underage drinking, men når årgangen kom i hus vart det for freistande å opna ei av flaskene…
Ch Musar 2003
Kraftig duft, rips, modne plommer, lær, fjøs, rulletobakk, undertoner av blåbær, etterkvart nellik og lakris. Kompleks.
Les meir «Ch Musar 2003»