Nattverdens vinbingo 2024

Ja, så er eit nytt år framfor oss. 52 helger, 156 dagar med r, eller korleis du no legg opp til å få konsumert alle dei 65 flaskene med kvit Burgund som kanskje er oksiderte.. Neidå, livet er fint, glaset er halvfullt og framtida full av vindruer du enno ikkje har oppdaga. Kanskje blir 2024 året du fyrste gong smakar ein plavac mali, pelaverga eller … Les meir Nattverdens vinbingo 2024

Gamalt nytt, 2x madeira

For oss i gruppa “Vi som ventar på flaskepost frå Madeira”, er det nesten for mykje av det gode når novembernyheitene på Vinmonopolet kunne fortelje om 21 nye varelinjer! Sterkvinen frå atlanterhavsøya lever eit nisjeliv eit godt stykke unna populære naturvinsbarar og vinfluensarar. Medan brorparten av produksjonen er i den enklaste typen estufa-laga med tre års alder, er det ikkje mange flaskene som forlet øya … Les meir Gamalt nytt, 2x madeira

M2M – to tolkingar av malvasia

Det er ikkje kvart år det kjem nye vinar frå Madeira på Vinmonopolet. Saman med sherry, marsala, rivesaltes og til dels portvin lever sterkvinane i ei nisje der sola sjeldan skin. Men er du i målgruppa må du vere rask, for volumet av vin frå den vulkanske øya er lite. Åtte produsentar er att, og dei sel samla dryge 3 millionar liter i året. Salet … Les meir M2M – to tolkingar av malvasia

#underskog

Kortreist Denne sumaren har fleire nordmenn enn vanleg vore på ferie i eige land. Det betyr at ip-adressene bak instagram- og twitterkontiane som postar bilete frå Preikestolen, Trolltunga og Svolværgeita er litt meir konsentrert enn elles. No er sumaren over, og det er attende til #heimekontor. Posør Men hausten har mykje fint å by på, og det dukkar gjerne opp noko #sopptur i feeden til … Les meir #underskog

Fugl føniks #1: madeira

Sidan det er jul, og det har vore nokre fridagar for oss som held (h)jula i gang, og ikkje har rom for inneklemde romjulsdagar. Då finst det rom for å opne flasker som kan nytast på langs. Langsam vin frå ei svunnen tid. For eksempel frå ferieøya Madeira. Atlanterhavsvin Sterkvinen som har teke namn frå den vulkanske øya i Atlanterhavet, 796 km vest for Marokko, … Les meir Fugl føniks #1: madeira

Luke 5: Årets assosiasjonsrekkje

Jula handlar mellom anna om å dele. Ikkje som i “lik og del!” Men dele av vår overflod, vår kjærleik og vår tid med andre, av kjærleik. Vinfolk deler også med andre og kvarandre, har eg opplevd. Då eg var ein snartur i Oslo, delte eg ei stund og nokre ord med Henning B, om vin og surdeigsbakingens mirakel. Ole Martin S delte nett nokre … Les meir Luke 5: Årets assosiasjonsrekkje