Ch Simard 1996

Ch Simard 1996 Innimellom dukkar det opp «ferdiglagra» vin til freistande pris – no kan ein altså prøva over 20 år gamal vin til 250,- Tilgjengeleg i nettbutikken og på over 70 pol rundtom i landet frå Kristiansand til Kirkenes. Kraftig duft av blyantspiss og tomatstilk følgjer ut av flaska saman med korken. Etter litt tid i glaset kjem skinnjakke, bakt paprika, mjølkesjokolade, raudt epleskrell … Les meir Ch Simard 1996

Château La Tour Carnet 2008

Om nokon ‘fortener’ å bli omtalt som vinmagnat så må det vera Bernard Magrez. I tillegg til Ch La Tour Carnet eig han tre andre grand cru-marker i Bordeaux, fleire eigedomar i andre vinregioner i Frankrike pluss andre stader i Europa, Sør-Amerika og USA. Decanter har han på Topp 30-lista over dei mektigaste vinfolka i verda. Château La Tour Carnet har kjend historikk tilbake til 1100-talet og er mellom dei eldste gardane i Médoc-regionen. Dei første druene vart planta her i 1407.

Les meir “Château La Tour Carnet 2008”