Bobler frå Balkan

Om nokon ber deg ramsa opp dei store vinlanda i Europa er Romania neppe høgt på lista. Likevel har dei største vindruedyrkearealet i Aust-Europa og snuser på ditto femteplass for heile Europa. I riktig gamle dagar var søte Cotnari meir omtykt enn Tokaji og dei kan i tillegg skryta på seg ei vindrikkande befolkning – få prosent av produksjonen forlèt landet. Elles er nyare vinhistorie det vanlege: hardt råka av phylloxera på slutten av 1800-talet, gjenplanting av populistiske drueslag i staden for dei tradisjonelle.

Les meir “Bobler frå Balkan”

The Würst of Times

Då var det nok over for denne gongen.  Bikiniblick og resten av dei knøttsmå, stupbratte parsellane er selt, og Olaf Schneider har endra status frå Weingut O til Hotelgut O. Boomers på Nattverden vil hugse at eg er begeistra for produsenten, spesielt var kabinetten eit latterleg bra kjøp. Sjølv om eg er kjend som ei sektmachine har eg likevel enno ikkje smakt boblene frå garden, og dette er siste sjanse…

Les meir “The Würst of Times”

Krásná hora Blanc de Noir Brut Nature 2017

Både Morten og eg har prøvd oss på Krasna Hora før, men at dei hadde ein musserande lagd med sjampanjemetoden har gått under radaren min. I eit land mest kjend for øl og dram, heldt vingjengen seg i Moravia, søraust i Tsjekkia – her gjev eit kjøleg klima lang vekstsesong og forhåpentlegvis druer med mykje konsentrasjon.

Les meir “Krásná hora Blanc de Noir Brut Nature 2017”

Clover Hill Tasmanian Cuvèe

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen og ein annan har ved fleire høve prøvd å ete Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia. Snur ein globusen på hovudet så havnar Clover Hill sånn omtrent ved Madrid, men Tasmania får kald vind frå omtrent alle kantar, noko som gjer at druene mognar langsomt (om i det heile).

Les meir “Clover Hill Tasmanian Cuvèe”

Dom. Alain Voge Les Bulles d’Alain 2012

Ah, Rhône – området som matcher norsk kjøkken så godt med dei vilt-venlege raudvinane sine. Frå Côte-Rôtie øvst i dalen og nedover er dette sentrum for ekstremt god Syrah. Vindrikkarar som vil framstå meir verdsvante vil kanskje insistera at variert kosthald er viktig, og at det også vert laga kvit vin i området. Og så har du Saint-Péray – ein liten flekk av ein AOC … Les meir Dom. Alain Voge Les Bulles d’Alain 2012

Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

At Luxemburg har føresetnader for å laga vin burde ikkje overraska nokon – i aust kan ein sjå over elva rett til tyske vinmarkar i Mosel. Ved breidda etablerte Jean Bernard-Massard seg i 1921 – i dag produserer dei 4 millionar flasker i året. Ecusson-serien var meint å vera eit eingongsprosjekt til 50-årsjubileumet for vingarden i 1971. Responsen var imidlertid så positiv at vinen framleis … Les meir Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut