Nattverdens vinbingo 2024

Ja, så er eit nytt år framfor oss. 52 helger, 156 dagar med r, eller korleis du no legg opp til å få konsumert alle dei 65 flaskene med kvit Burgund som kanskje er oksiderte.. Neidå, livet er fint, glaset er halvfullt og framtida full av vindruer du enno ikkje har oppdaga. Kanskje blir 2024 året du fyrste gong smakar ein plavac mali, pelaverga eller … Les meir Nattverdens vinbingo 2024

Dommedagsvin

Uroa, krigen og frykten for at noko ukjend skal skje, er kome nærare denne hausten. Sabotasje på gassrørsystemet North Stream har fått oss til å auke beredskapen rundt eigne olje- og gassinstallasjonar. Men om nokon er villige til å skade infrastruktur til havs, kan dei ikkje då gjere skade andre stader òg? Det var ein artikkel i Morgenbladet denne helga som skildra Noreg sin manglande … Les meir Dommedagsvin

Etna Eruption!

Verdas mest aktive vulkan, UNESCO verdsarvstatus, vinmarker opp til 1000 moh, nyoppdaga prephylloxera vinstokkar i gamaldags oppbinding, lyse, elegante raudvinar laga på ei mystisk drue. Grunnane for å interessere seg for Etna-vin er mange. Ja, ein ting til; Francois Pinault har enno ikkje kjøpt opp dei beste vinmarkene. Eg har, sidan eg fyrste gong smakte ein vin frå Rangen-vinmarka i Alsace, vore glad i vin … Les meir Etna Eruption!

Lamoresca Mascalisi 2015

Sånn ikkje særleg presist midt mellom Palermo og Catania ligg vesle San Micheli di Ganzaria der Lamoresca har 10 økologiske hektar å dyrka oliven og vindruer på. Det sicilianske innlandsklimaet på 400 meters høgde har varme og tørre dagar, og kjølege netter. Økologisk drift, handplukka druer, tilsette som klappar husdyra med eit venleg ord, spontanfermentert på plastikktank(!), 4 veker på skalet, ufiltrert, minimalt med svovling, … Les meir Lamoresca Mascalisi 2015

Vino di Anna Rosso 2011

Vin:

Vino di Anna Rosso 2011

Verdsvin frå Sicilia. Fruen er ønologistudent frå Australia, ektemaken er franskmann med jobb-base i London og står bak vinbaren Terroirs. Saman har dei laga vin på nordsida av Etna sidan 2010. Vinen er økologisk med villgjær, ufiltrert, utan tilsetningsstoff. I henhold til Ove Svendsens reglar for “Hvordan gjenkjenne en naturvinprodusent”, tar eg det for gitt at borna deira har designa etiketten.

Les meir “Vino di Anna Rosso 2011”