Pinot of no return

Med naturvinbølgja fekk den rufsete vinbonden sin renessanse. På vinmesser vart skjeggete menn med svak duft av hest – tidlegare diskret gjort merksam på at Felleskjøpet-butikken ligg lenger borte i gata – no hylla som rockestjerner. Utfordringa dei ser ut til å gje seg sjølv er å leggja mest mogleg av kvalitetsgrunnlaget i åkeren og manipulera minst mogleg i kjellaren.

Les meir «Pinot of no return»

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015 Eksentrisk antipode-vin med uvanleg drueblanding frå ein uvanleg vinbonde som heller ville studera botanikk enn tradisjonell vinmaking. Målet er minst mogleg innblanding i prosessane fram til det ferdige produktet. Han brukar heile drueklasar, vinen har spontanfermentert, er ufiltrert og det er gjort minimalt med svovling. «For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a … Les meir Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Patrick Sullivan Bonkers

Antipodane gjer ting annleis. Eg mistenkjer at der franskmenn og italienarar er bundne av tradisjonar og forventning, kan ein i Australia staka ut eigne vegar på ein annan måte. Som til dømes å laga vinar der ein blandar raude og kvite druer.

«For me, winemaking is simple,” explains Patrick, “you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.»  (thewineidealist.com)

Les meir «Patrick Sullivan Bonkers»