Cantina Ribelà Ribolie 2017

Eit steinkast sør for Roma ligg Frascati – antakeleg vinregionen med dårlegast rykte i Italia – berykta for kommersiell og billig vin retta mot budsjett-turistane i hovudstaden. Sidan 2014 har familien Presutti prøvd å gjera noko med dette. Dei fekk i starten leigd seg ein ‘ubesudla’ parsell og har etter kvart fått kjøpt nok land til å laga vin med eigne druer. På 350 meter … Les meir Cantina Ribelà Ribolie 2017

Johan Vineyard Petillant Naturel Pinot Noir 2017 

Antroposofiske grumsebobler frå ein nordmann i Oregon.  I Willamettedalen har Johan Vineyard 34 hektar druemark,  i hovudsak pinot noir, men også chardonnay og pinot gris. Vestavinden kjem med kjøleg bris frå Stillehavet, noko som er med på å halda temperaturen nede. Biodynamisk gardsbruk, demeter-sertifisert sidan 2010.

Les meir “Johan Vineyard Petillant Naturel Pinot Noir 2017 “

Kalkspitzgefühlen

I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet? Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I … Les meir Kalkspitzgefühlen

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015 Eg trudde intuitivt at amerikansk pet-nat hadde med neste steg i mikrobryggerikulturen i Sambandsstatane å gjera, men så finn eg dette: “I believe the Catawba will make a superior Champaigne wine.” Året er 1847, sitatet er frå Nicholas Longworth – pioner i amerikansk vinproduksjon – og omhandlar musserande vin frå Ohio(!) laga av catawbadrua(!). Av dette sluttar eg at … Les meir Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om? Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist  perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er … Les meir Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015