Dommedagsvin

Uroa, krigen og frykten for at noko ukjend skal skje, er kome nærare denne hausten. Sabotasje på gassrørsystemet North Stream har fått oss til å auke beredskapen rundt eigne olje- og gassinstallasjonar. Men om nokon er villige til å skade infrastruktur til havs, kan dei ikkje då gjere skade andre stader òg? Det var ein artikkel i Morgenbladet denne helga som skildra Noreg sin manglande … Les meir Dommedagsvin

Raud Bordeaux 2004

Pris og tilgang Etter ei interessant og lærerik smaking av Bordeaux-vin frå to ulike årgangar, var det planlagd ei horisontalsmaking av 2004. Eg hadde sett på ulike årgangar til ein horisontal, men det var ikkje så lett å finne eit breidt utval frå årgangar med litt utvikling. Vinane vart kjøpt inn i 2019-2020, men smakinga har lege på is på grunn av ikkje ukjende korona-restriksjonar. … Les meir Raud Bordeaux 2004

Bordeaux i bakspegelen

Eg hadde lyst på vin med litt substans. Vin med alder. Med utvikling. Kall det utforsking. Det er haust og dritvêr, og raudvin og kjøt kjem på agendaen. Bordeaux har trass i mange nedturar og ulike grunnar til skepsis, framleis eit godt utval her til lands. I Sverige er det anleis. Der er Bordeaux heilt ut kan ein svensk vinskribent fortelje meg. I skrivande stund … Les meir Bordeaux i bakspegelen

Château La Tour Carnet 2008

Om nokon ‘fortener’ å bli omtalt som vinmagnat så må det vera Bernard Magrez. I tillegg til Ch La Tour Carnet eig han tre andre grand cru-marker i Bordeaux, fleire eigedomar i andre vinregioner i Frankrike pluss andre stader i Europa, Sør-Amerika og USA. Decanter har han på Topp 30-lista over dei mektigaste vinfolka i verda. Château La Tour Carnet har kjend historikk tilbake til 1100-talet og er mellom dei eldste gardane i Médoc-regionen. Dei første druene vart planta her i 1407.

Les meir “Château La Tour Carnet 2008”