Riesling on The Fly

Grunnlagt i 1711 og mildt sagt ein veteran når det gjeld dyrking av riesling rundtomkring Forst og Deidesheim. Det er liksom ikkje mangel på legendariske vinmarker i Pfalz – Pechstein og Ungeheuer kjenner vi frå Mosbacher, Jesuitengarten frå tidlegare møter med Acham-Magin.

Skuffande nok har vinmarka Mäushöhle ingenting med Tom & Jerry å gjere, men kjem frå familienamnet ‘Maus’ saman med eit leksem av det tyske ordet for skråning. Familiegard heile vegen, økologisk sidan 2010, biodynamisk sidan 2012…

Les meir “Riesling on The Fly”

Høgtpflügande riesling

Alexander er tredje generasjon plogmann på bruket – pappa Pflüger var økologisk pioner i Pfalz, junior har brukt tida sidan han overtok til å sertifisera heile garden biodynamisk. Forøvrig vart han plaga av Heine sist han var på Don Pippo… Pflüger Buntsandstein Riesling trocken 2017 Blomar, sitron, mykje stein, antydning til noko tropisk – litt innestengt düpft, går til strafferunde i karapffel. Vinn på ein … Les meir Høgtpflügande riesling

Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

  Fusser Blanc de Pinot Noir 2016 Kvit pinot noir er ikkje heilt daglegdags kost, men eit kjapt søk syner at det blir laga rundtom i Europa, i USA og i New Zealand. Det kan sjølvsagt vera eit ønske om å vera kontrær og eksperimentell, men har antakeleg meir med å kunna hausta drua tidlegare i mogninga og dermed kunna dyrka pinot noir i kaldare … Les meir Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014

Norsk vinpresse sin kjæledegge i Pfalz, Mosbacher, har dei siste åra levert godt prisa kvalitet både til spesialsleppa, bestillingsutvalet og basis hjå Vinmonopolet. Og no er det sanneleg snikt seg ein musserande inn i BU også.   Kraftige bobler. Fruktig, sitron, druer, Granny Smith, stikkelsbær, litt flint, ureint gjærpreg rusker litt, men forsvinn etter nokre minutt lufting. Med tid i glaset kjem det fine toner … Les meir Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014