Cogno Dolcetto d’Alba Mandorlo 2015

Etter mange år som ein del av Cogno-Marcarini, gjekk Elvio Cogno solo då han var nær 60 år, og produserte sin første vin under eige namn i 1991. I dag har neste generasjon overtatt med høgt medvit om å vera tru mot tradisjonane. Ikkje overraskande er det Barolo som har mest fokus, men garden har også meir eksotiske ting, som meir enn hundre år gamal pre-phylloxera barbera og obskure nascetta. Og dolcetto…

Les meir “Cogno Dolcetto d’Alba Mandorlo 2015”

Ti år skilnad, ein kveld i lag: Borgogno Barolo

Vin med lang lagring har noko ved seg. Det er litt ekstra gjævt å opne mogne flasker som ein kanskje har lagra i eigen kjellar i årevis. Men gamle vinar vert ikkje alltid den store opplevinga ein drøymde om. Som ung og uerfaren vinkjøpar, handla eg nokre vinar som eg trudde skulle bli fantastiske etter 10-15 år. Dei fleste tålte ikkje tida, og det hadde … Les meir Ti år skilnad, ein kveld i lag: Borgogno Barolo

Jord: Castiglione Falletto

Barolo. Eg vender stadig tilbake. Til vinen altså. Enno er det mykje godt å få tak i innanfor rimelegheitenes grenser. Enno har det ikkje teke heilt av. Enno er det håp og gode flasker. Men snart er det nok slutt. Teikna er der. No når Burgund er på veg gjennom taket, er nok Piemonte og pinot noir sin tanninrike storebror nebbiolo, neste stopp for jegerar … Les meir Jord: Castiglione Falletto

Francesco Brigatti Vespolina Maria 2015

Francesco Brigatti Vespolina Maria 2015 Vespolina er ei drue som ein antar har sitt opphav i Gattinara – utan særleg meir vitenskapeleg tyngde enn at der er no stort sett der ho veks og få andre stader. Gjerne brukt for å runda av nebbiolo, men får i denne vinen frå Colline Novaresi lov å regjera heilt åleine. Moreller, svart pepar, fiol på snuten – den … Les meir Francesco Brigatti Vespolina Maria 2015

Protest!

Det har nett vore val til nasjonalforsamling i Italia. Opp til fleire har erklært seg som vinnar av valet, men ingen tydeleg koalisjon peikar seg ut som styringsdyktige. For oss her i det kalde og konforme nord, kan italiensk politikk synast kaotisk og rotete. Med 61 regjeringar på 68 år, skulle ein ikkje tru at landet var i stand til å tenkje langsiktig eller vere … Les meir Protest!

F. Boschis Freisa Bosco delle Cicale 2015

Langhe i Piemonte er kjent for ost og trøffel. Og vin. Så kjent at kulturlandskapet er ein del av verdsarva på UNESCO si liste. I skuggen av meir berømte nebbiolo lever freisa eit anonymt og utsatt liv og er på tilbakegang i området. Hjå Azienda Agricola Boschis Francesco starta historia med bestefar Telesforo i 1919 – i dag driv barneborna  garden vidare – med hovudvekt … Les meir F. Boschis Freisa Bosco delle Cicale 2015