Coteaux Champenois – boblefri Champagne

– Der var du tilbake igjen, ja. Det gjekk jo ikkje så bra sist. Har du kjøpt merkeleg vin igjen?
– Nei!
– Jan Tore.
– Eg har kjøpt sjampanje!
– Flott, flott. Du finn knapt eit meir klassisk område.
– Utan bobler…
– Jo, jo. Dei får jo til chardonnay og sånn andre stader, så kvifor ikkje i Champagne no når det blir varmare?
– 100 % petit meslier…
– …
– Til 650,-
– …
– …

Les meir “Coteaux Champenois – boblefri Champagne”

Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996

Dette har skjedd: Daniel har drive med drueeksperiment i kjellaren til Charlie. Ole Martin har fått nyss i dette og får overta flaskene rimeleg frå Stephen. Når han skal selje dei vidare kollapsar nettbutikken til Hilde Britt, sidan det vinkjøpande Noreg går av skaftet. Stadig like forvirra? Ikkje etter denne episoden av Vin & vinyl… I Reims produserer Charles Heidsieck-huset rundtom 2 millionar flasker i … Les meir Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996

FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT

  Brexit er ikkje noko nytt. For rundtom 450 000 år sidan var England landfast med Frankrike, før erosjon svekka forbindelsen og ein gigantisk flaum til slutt separerte dei to landa. Britiske bobler ypper seg kraftig mot storebror i sør – klimaendringar er i ferd med å leggje til rette for perfekte temperaturer i sørengland, geologien har mykje til felles med Champagne, erfaring og sjølvtillit stig, … Les meir FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT