Nattverden

Skjærtorsdag. Det siste måltidet. Dramaet i påska er i gang. Det jødiske påskemåltid vert til nattverden. Vin er blod, brød er lekam. Offerlammet gjev seg sjølv, så vi kan gå fri. Og dei seks orda som skal bli så viktige for utbreiinga av vindyrking i Europa; “Gjer dette til minne om meg”. Merete seier at romarane var viktige for utbreiinga av vinkulturen, men etterfølgjarane til … Les meir Nattverden

Druenes Herre

Det er ein del ting i verda som fort utløyser snev av imposter syndrome  hjå meg. Blindsmaking, sjølvsagt. Og «Berre finn ein god vin til oss du, Jan Tore». Og så er det quiz-spørsmålet som dukkar opp i nesten kvar einaste vinrelaterte spørjetevling, men som eg ikkje ein gong klarar å pugge meg til å hugse: ‘Kva druer er det lov å bruke i Champagne? (Max 7 poeng).’
Dei tre hovuddruene går sjølvsagt greitt, ditto Pinot Blanc og Pinot Gris-halvbroren. Men så byrjer det å stokka seg – Pinot eller Petit Meslinger, eller kva det no var? Og ei til…

Les meir “Druenes Herre”

Tour de France 2019 – 6. etappe. Vulkansk støv

Denne etappen vert trakka i gang i byen Mulhouse, og målseglet står 1140 meter over havet, på toppen av La Planche des Belles Filles. Då har ryttarane vore gjennom fem klatringar og 157 km. Mulhouse hyser 112 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Alsace. Han ligg 249 meter over havet. Når ryttarane har klikka skoa i pedalen og startskotet går, set dei … Les meir Tour de France 2019 – 6. etappe. Vulkansk støv