Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017
Eg er svak for Nahe generelt og Hexamer spesielt. I Nahe – med namn frå elva som møter Rhinen, og eit litt oversett distrikt aust for Mosel, tett opptil Rheingau og Rheinhessen – får vinen sødme frå varme dagar og syre frå kalde netter – og alle produsentane har dritkule namn som Dönnhof, Kruger-Rumpf og Schäfer. Og Hexamer… Harald Hexamer har frå han overtok garden i 1999 blitt kjend for å laga eiswein og andre søte vinar med konsentrasjon i verdsklasse, og veldig gode tørre vinar i budsjettklassen. No er det komen ein ny vin i sistnemnte kategori – kan han halda kvaliteten oppe med ein vin til under 150,-?
Les meir “Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017”