Min første kjærlighet og min nye oppdagelse

Først ble jeg truffet i bakhodet av pinot noir, så fikk jeg en ørefik av riesling – deretter kom åpenbaringen – Meursault. Meursault traff meg like hardt som «I see dead people.» Jeg får fortsatt frysninger når jeg tenker tilbake på mitt første møte med Meursault – og de døde. Du glemmer aldri fin første kjærlighet. Meursault Meursault har vært manges første møte med Burgund. … Les meir Min første kjærlighet og min nye oppdagelse

Storbyferie?

Bølgjande grøne landskap, ein dal med vinstokkar oppetter sidene, ei slyngande sakte elv i botnen. Her og der ei koseleg husklynge, på beitemarkene går det kyr. Mjølka vert sikkert ein lokal ost med eit vanskeleg namn. Ja slik ser vi for oss eit typisk vindistrikt. Dei geografiske og klimatiske tilhøva som gjer at vinplanten trivst og gjer topp vin, er ikkje alltid samanfallande med store … Les meir Storbyferie?

Atlanterhavsdrua verdelho

Til å vere planta på berre 47 hektar på Madeira, er verdelho godt representert i Noreg. Nett no er det elleve vinar på denne sorten i kategorien sterkvin, og tre kvitvinar. Men det er ei diger øy på andre sida av kloden som regjerer i tal på verdelho-plantingar. Eg har smakt meg gjennom verdelho frå Azorene, Madeira, fastlands-Portugal, Sør-Afrika og Australia. Både som sterkvin og … Les meir Atlanterhavsdrua verdelho

Pirata da Viúva

Heimflyttar Diogo sitt jomfruprosjekt – dels i samarbeid med, dels i opposisjon til pappa – hjå Viuva Gomes i Colares. Eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa til med rekneskapet, men fann fort ut – røter er rare sånn – at ideen om å laga vin appellerte sterkt nok til å flytta heim att frå Lisboa. Colares har vore dødsdømd som vinregion ei stund, men det verkar som eit generasjonsskifte har brakt med seg ein forsiktig optimisme.

Les meir «Pirata da Viúva»

Ca ca ca castelão!

Til å vere Portugal si (nest?) mest planta drue, er castelão ikkje mykje framme i søkjelyset. Og vi har vel ikkje vore så ivrige her på Nattverden heller. Det er på tide å kike på kva denne druesorten kan få til på eiga hand. Portugal har mange eigne druer, og dei har lange tradisjonar for å lage vin på fleire sortar. Usikre tal Kjeldene spriker, … Les meir Ca ca ca castelão!