Viúva Gomes Reserva Tinto 1934

Sand har vore ei velsigning og ein forbannelse for vindyrking i Colares, vest for Lisboa. Vinlusa – phylloxera – hatar sand, og dette gjorde at området kom uskadd frå raseringa av vinplantar i Europa på slutten av 1800-talet. På den andre sida har sand ein tendens å trekkja til seg den andre naturlege fienden til vinmakarar – eigedomsmeklaren –  noko som har gått hardt ut over areala det blir dyrka druer på. For tida er det berre 6 produsentar igjen i Colares DOCen.

Les meir “Viúva Gomes Reserva Tinto 1934”

Luke 23: Årets ferdiglagra vin

Nordvest i Portugal har Bairrada sin eigen DOC og er nok mest kjend for raude vinar. Her har kjøleg luft inn frå Atlanterhavet all makt – enkelte år er det til og med for kjøleg til at druene modnar ordentleg. Til gjengjeld får gode år lang modningstid og balansert syrenivå. Veteranen Luis Pato kjører sitt eige løp med lokale druer – om enn raude Baga … Les meir Luke 23: Årets ferdiglagra vin

Colinas do Douro Reserva 2015

With a vision of creating wines that transmit the unique character of the “UM DOURO SUPERIOR”, we devote ourselves intensely and genuinely to our work, from sunrise to sunset, harvest after harvest. Colinas do Douro Reserva 2015 Touriga Franca 30%, Touriga Nacional 30%, Tinto Cão 20%, Tinta Roriz 20% Bjørnebær, tørt treverk, nellik, litt muskat, litt vanilje.  Glir over i blåplommer og rips med tid … Les meir Colinas do Douro Reserva 2015

Viúva Gomes Reserva Tinto 1969

Viúva Gomes Reserva Tinto 1969 Komplekse, men behagelege duftar frå nyopna flaske. Petterøe’s 3, skinnjakke, morell, lakris, raudt epleskrell, mahogni, kamferkiste. Buljong kjem og går og rusker det litt til, men øydelegg ikkje heilskapen. Fascinerande å berre leggja snuten ned i glaset og kjenna korleis vinen endrar seg frå sniff til sniff. Rundar av med luft og tid, men beheld det kontrollerte kaoset. Syrleg anslag, … Les meir Viúva Gomes Reserva Tinto 1969

Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015

Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015 Produsent (og drue) som er mest kjend for portvin, men som i aukande grad fokuserar på svakvinsegmentet og har ein enorm breidde i sortimentet sitt. Tydelege duftar. Modne, blå plommer, fioler, mørk sjokolade, skinnjakke, litt vanilje, Fyldig anslag, juicy og leskande; litt ‘tungt’ midtparti med plommer og urter, mykje syre i lang avslutning. Enkle, men reine smakar – behageleg, … Les meir Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015

Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016

P1050137

For elleve år sidan – før eg visste eg var vininteressert – endte eg tre netter hjå Solar de Serrade i nordportugal. Eg var relativt indifferent til det som skjedde rundt meg sjølv om det var midt i druehausten, og var meir opptatt av å leika med den halvblinde gardshunden enn å vurdera korleis ulik bruk av gjær prega vin, noko som vingarden har utforska grundig. Om ikkje anna var det her eg la frå meg vørdnaden for vinprodusentar og innsåg at dei berre er gardbrukarar som får kjeft hjå tantene når dei går innomhus med støvlar.

Les meir “Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016”