J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011 Modne blåplommer, lakris, potetskrell, svart pepar, lyng, skinnjakke, oliven;  kraftige -på grensa til brutale-  duftar. Rå potet tar litt mykje plass frå nyopna flaske. Med litt tid kjem parfymerte kryddertoner, nellik og einebær, saman med bringebær og litt treverk. Runder av etter ei stund og får eit slags fioler-i-fjøset-preg der blomar møter animalske sniff. Roleg anslag, litt kaotisk midtparti … Les meir J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010

Emmanuel Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010 Krekling og tyttebær frå nyopna flaske. Med litt luftetid kjem skinnjakke og rips. Med enno meir tid kjem blåbær og (i overkant) mykje nymalt, svart pepar. Litt parfymerte blomstertoner, litt tørka krydder, litt lakris. Delikat duft, men for meg mister vinen litt sniffefaktor undervegs. Bjørnebær, kjøtaktig preg, modne blåplommer, blåbær, kaffi, litt «tungt» midtparti, anstendig lengde med rips … Les meir Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010

Ch Simard 1996

Ch Simard 1996 Innimellom dukkar det opp «ferdiglagra» vin til freistande pris – no kan ein altså prøva over 20 år gamal vin til 250,- Tilgjengeleg i nettbutikken og på over 70 pol rundtom i landet frå Kristiansand til Kirkenes. Kraftig duft av blyantspiss og tomatstilk følgjer ut av flaska saman med korken. Etter litt tid i glaset kjem skinnjakke, bakt paprika, mjølkesjokolade, raudt epleskrell … Les meir Ch Simard 1996

Manincor Kalterersee Keil 2014

Manincor-familien har med handa på hjartet drive familiegarden i Kaltern i det som med tid og stunder vart norditalia, heilt sidan dei fekk jordlappen i gåve frå den austerrikske keisaren i 1608. Undervegs gifta Enzenbergarane seg til gards, og i dag er det Grev Michael Goëss-Enzenberg som styrer skuta. Då han overtok i 1991 var druene etterspurd salsvare til kooperativa i nordtyrol, men Manicor produserte … Les meir Manincor Kalterersee Keil 2014

Ch Musar 2004

Ch Musar 2004  Igjen skal de bo i hans skygge, de skal dyrke korn og blomstre som vinstokken. Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8) Cabernet Sauvignon 34%, Carignan 33%, Cinsault 33% Raudt epleskrell, lakris, Petterøes 3, skinnjakke, mahogni, tørka frukt, kompleks, Musar-aktig snute. Smakar modne plommer og julekrydder og te, litt veikt midtparti, saknar konsentrasjon; lang og syrleg avslutning med mykje … Les meir Ch Musar 2004