Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Så er siste dagen komen. Bilen vår er full av vin og familien er klar for å køyre nordover att. Arbeidet for min del er ferdig. Gjæren arbeider enno i nokre fuder og ståltankar. Men det er ikkje lenge att før alle vinane frå 2019 har nådd sitt ekvilibrium. No skal dei, etter omstikking og svovling, få mognast i det stille. Så er det tapping … Les meir Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Weingut Günther Steinmetz

Stefan Steinmetz er 41 år gamal og har 20 års røynsle med saccharomyces og stål på familiebruket Weingut Günther Steinmetz i Brauneberg. Han lagar framifrå vin og er ein dyktig vinmakar. Dei siste åra har han også teke over ein del bratte og arbeidskrevjande vinmarker. Det er altså ein del investeringar som krev jamnleg inntekt. Og det kan vere vanskeleg å få til i Mosel. … Les meir Weingut Günther Steinmetz

Sidesprang i sidedal

På onsdag køyrde eg ein tur i retning Saar, for å treffe Lars Carlberg. Han er amerikanar busett i Trier, og er ein ekspert på vin frå Mosel-Saar-Ruwer. Sidan han no er tilsett på Hofgut Falkenstein og dei har byrja på innhaustinga, vart eg med ut i vinmarka og fekk plukka litt druer. Hofgut Falkenstein har ein staseleg driftsbygning frå 1901, som tidlegare var der … Les meir Sidesprang i sidedal

Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

Då har eg vore godt og vel ei veke i Traben-Trarbach. Ein liten og hyggjeleg by ved Mosel-elva. Her har dei borgruinar, italienarar som lagar is, fint vêr, fine vinmarker og tusenvis av sykkelturistar. Tanken var å vere med på innhaustinga hjå ein vinprodusent for å få fyrstehands kjennskap til korleis druene ser ut, luktar og smakar, før dei vert plukka, knust, gjæra etc. No … Les meir Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

J.B. Becker Wallufer Walkenberg Riesling Kabinett Trocken 2017

Rheingaus tøffaste mustasje er trygt festa til Hans-Joseph Becker som kompromisslaust tar hand om tradisjonen frå  bestefar Jean Baptiste. Vinhuset J.B. Becker er nyleg sertifisert økologisk, men dette er slik dei alltid har drive garden berre at no er det dokumentert. Samstundes var dei i forkant – eigentleg altfor tidleg ute – med å laga tørr riesling.

Les meir “J.B. Becker Wallufer Walkenberg Riesling Kabinett Trocken 2017”

Tour de France 2019 – 6. etappe. Vulkansk støv

Denne etappen vert trakka i gang i byen Mulhouse, og målseglet står 1140 meter over havet, på toppen av La Planche des Belles Filles. Då har ryttarane vore gjennom fem klatringar og 157 km. Mulhouse hyser 112 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Alsace. Han ligg 249 meter over havet. Når ryttarane har klikka skoa i pedalen og startskotet går, set dei … Les meir Tour de France 2019 – 6. etappe. Vulkansk støv

Tour de France 2019 – 5. etappe – Route de vin Alsace

På den femte etappen vert det klatring i Vosges. To 3. kategori- og to 2. kategori-klatringar skal forserast, før det flatar ut rett før målgang i Colmar. No er det på tide å vise kven som fortener den prikkete klatretrøya. For dei som jaktar den grøne trøya, er det innlagt ein spurt nord i Alsace, rett før byen Barr. Etappen er lagd slik at romantiske … Les meir Tour de France 2019 – 5. etappe – Route de vin Alsace

Framtida for tysk kabinett?

Kabinettspørsmål #2

Quo vadis, kabinett? Citus, altius, fortius, er det sarkastiske svaret. Global oppvarming har bidratt til høgre mogning i druene enn tidlegare. På 70- og 80-talet var ein kabinett ein lett vin, med gjerne 20-30 g/l restsukker. Det vil seie nærare det som no kjem med feinherb på etiketten. No er kabinett ikkje like nett og lett som før, men ei billigare utgåve av spätlese eller … Les meir Kabinettspørsmål #2

Tre dropar av gull

Piesporter Goldtröpfchen er ei vinmark innanfor Grosslage Michelsberg i Mittel-Mosel. Men kven bryr seg om dei ulike Grosslage i Tyskland? Av alle vanskelige, rare, dysfunksjonelle og umoderne moment innan tysk vinlovverk, er Grosslage det aller minst interessante. Om dei la det ned i dag, ville det ikkje kome ei sjel i gravferda. Ok, då var det unnagjort. Goldtröpfchen er 65,4 hektar og forma som eit … Les meir Tre dropar av gull