Tre viner fra Maximin Grünhaus

Maximin Grünhaus leverer

Maximin Grünhaus tar det et knepp opp i den varme 2018-årgangen. Etter å ha smakt mye 2018-riesling i det siste, er det tydelig for meg at ikke alle har fått til denne årgangen så bra. Året var rekordvarmt, og de fleste hadde høstet alle druene i midten av august. Maximin Grünhaus har klart å beholde den friske rieslingsyrligheten som mange produsenter mangler i dette året. … Les meir Maximin Grünhaus leverer

R.I.P. – Riesling i parkett

På gravsteinen Om du har vore på ein kyrkjegard har du nok lagt merke til eldre gravsteinar. Det som skil desse frå nyare, er at yrket til personen som er gravlagt somme tider er teke med. Meieribestyrar, disponent, overlærar, gardbrukar, lækjar, prest og klokkar er titlar som fortel noko om vedkommande. Fødselsdato og dødsdato fortel om alderen. Og det står gjerne nokre ord om sakn … Les meir R.I.P. – Riesling i parkett

The Würst of Times

Då var det nok over for denne gongen.  Bikiniblick og resten av dei knøttsmå, stupbratte parsellane er selt, og Olaf Schneider har endra status frå Weingut O til Hotelgut O. Boomers på Nattverden vil hugse at eg er begeistra for produsenten, spesielt var kabinetten eit latterleg bra kjøp. Sjølv om eg er kjend som ei sektmachine har eg likevel enno ikkje smakt boblene frå garden, og dette er siste sjanse…

Les meir “The Würst of Times”

Våre(ns) bobler

Erna og Bent har letta på trykket. Samfunnet er på veg ut av isolasjon og dvale. Knoppane brest! Det er på tide å la flasker med seks atmosfærers trykk få skumme over, og smil, lette og glede få breie seg i alle samfunnslag. Har du ikkje noko å feire? Ei flaske Champagne er eit høve i seg sjølv.
Her får du Nattverden sine forslag til musserande – med prisklassar til både kvardag og høgtid.

Les meir “Våre(ns) bobler”

Hey 19

Det er ikkje utan grunn at eg ser med ekstra stor forventning på 2019-årgangen. Og då særskild i Mosel. Eg var med på innhaustinga av druer hjå Weingut Weiser-Künstler i Traben-Trarbach. Sjå til dømes denne, og denne, som eg skreiv medan eg var der i september-oktober. Difor måtte eg prøve ein blodfersk 2019-vin som kom no i mars. Vêret i 2019 gav mykje grå hår … Les meir Hey 19

Leitz Dance

Sjølv om dei i hovudsak berre er transittlager for BU-bestillingane mine, så er eg ordentleg glad i lokalpolet mitt som heldt ut mine gretne årgangsreturar og endelause besøk når eg er vinøst selskapssjuk. Dei tar til og med inn ein del av tinga eg anbefaler (I praksis kjøper eg dei flaskene også, for å gjera det mindre pinleg for alle partar.). No tyder ting på at eg har undervurdert dei  – utanfor radaren min har dei tatt inn Berg Kaisersteinfels 2011 til butikken – og audmjukande nok måtte det ein bergensar til for å gjera meg merksam på det.

Les meir “Leitz Dance”

Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Så er siste dagen komen. Bilen vår er full av vin og familien er klar for å køyre nordover att. Arbeidet for min del er ferdig. Gjæren arbeider enno i nokre fuder og ståltankar. Men det er ikkje lenge att før alle vinane frå 2019 har nådd sitt ekvilibrium. No skal dei, etter omstikking og svovling, få mognast i det stille. Så er det tapping … Les meir Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Weingut Günther Steinmetz

Stefan Steinmetz er 41 år gamal og har 20 års røynsle med saccharomyces og stål på familiebruket Weingut Günther Steinmetz i Brauneberg. Han lagar framifrå vin og er ein dyktig vinmakar. Dei siste åra har han også teke over ein del bratte og arbeidskrevjande vinmarker. Det er altså ein del investeringar som krev jamnleg inntekt. Og det kan vere vanskeleg å få til i Mosel. … Les meir Weingut Günther Steinmetz