Lamoresca Mascalisi 2015

Sånn ikkje særleg presist midt mellom Palermo og Catania ligg vesle San Micheli di Ganzaria der Lamoresca har 10 økologiske hektar å dyrka oliven og vindruer på. Det sicilianske innlandsklimaet på 400 meters høgde har varme og tørre dagar, og kjølege netter. Økologisk drift, handplukka druer, tilsette som klappar husdyra med eit venleg ord, spontanfermentert på plastikktank(!), 4 veker på skalet, ufiltrert, minimalt med svovling, … Les meir Lamoresca Mascalisi 2015

Valcerasa Etna Bianco 2013

VIN: Valcerasa Etna Bianco 2013 Frank Zappa sitt sicilianske opphav gjer at denne Vin & vinyl-kombinasjonen ikkje er tilfeldig. 850 meter oppe i nordsida av Etna har Rosario og Alice Bonaccorsi 8 hektar med vinmark. Derifrå er Etna Bianco 2013 tilgjengeleg på Vinmonopolet. Økologisk, spontanfermentert, 45-65 år gamle drueplanter, handplukka druer, 100% carricante. Frå nyopna flaske, eplesider, fersken, litt krydder. Rett på karaffel. Med tid … Les meir Valcerasa Etna Bianco 2013

Vino di Anna Rosso 2011

Vin:

Vino di Anna Rosso 2011

Verdsvin frå Sicilia. Fruen er ønologistudent frå Australia, ektemaken er franskmann med jobb-base i London og står bak vinbaren Terroirs. Saman har dei laga vin på nordsida av Etna sidan 2010. Vinen er økologisk med villgjær, ufiltrert, utan tilsetningsstoff. I henhold til Ove Svendsens reglar for “Hvordan gjenkjenne en naturvinprodusent”, tar eg det for gitt at borna deira har designa etiketten.

Les meir “Vino di Anna Rosso 2011”