Storbyferie?

Bølgjande grøne landskap, ein dal med vinstokkar oppetter sidene, ei slyngande sakte elv i botnen. Her og der ei koseleg husklynge, på beitemarkene går det kyr. Mjølka vert sikkert ein lokal ost med eit vanskeleg namn. Ja slik ser vi for oss eit typisk vindistrikt. Dei geografiske og klimatiske tilhøva som gjer at vinplanten trivst og gjer topp vin, er ikkje alltid samanfallande med store … Les meir Storbyferie?

Rimeleg pinot noir med stil

Du er kanskje ein av dei som drøymer deg attende til den gong du kunne kjøpe Vosne-Romanée-kommunevin til 300 kr. Eller du sit åleine heime, og vil så gjerne stikke ned på vinbaren og møte nokre veninner til eit glas leskande og uforpliktande amerikansk pinot noir. Men året er 2020, Vosne-Romanée er blitt Veblen-goods* og vinbaren er stengd av Raymond Johansen. Det får bli netflix, … Les meir Rimeleg pinot noir med stil

Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

  Fusser Blanc de Pinot Noir 2016 Kvit pinot noir er ikkje heilt daglegdags kost, men eit kjapt søk syner at det blir laga rundtom i Europa, i USA og i New Zealand. Det kan sjølvsagt vera eit ønske om å vera kontrær og eksperimentell, men har antakeleg meir med å kunna hausta drua tidlegare i mogninga og dermed kunna dyrka pinot noir i kaldare … Les meir Fusser Blanc de Pinot Noir 2016