Chardonnay med dialekt

Eg har for kort tid sidan vore igjennom fire chardonnay-vinar, alle ganske så ulike, og frå ulike verdshjørne. Men korleis best skildre vinane? Kvar for seg er dei alle fire typiske i sin god-kvalitets-chardonnay-med-noko-eikelagring-stil, men likevel er dei ganske så distinkte i kvar sin retning. Faktisk gjer det kanskje best meining å skildre dei mot kvarandre, og då utan å bruke for mykje av fruktkorg-adjektiva, … Les meir Chardonnay med dialekt

Årets beste i 2024

Årets nebbiolo Det har vore mange gode Barolo, så det er ikkje lett å velje. Til dømes to årgangar (2017 og 2018) Monvigliero frå Diego Morra til grei pris, var kjekt å smake. Ein litt overraskande tøff 2015 Cerretta frå Ettore Germano. Frå same nabolag: Poderi Sori Barolo Baudana 2019, enno svært ung og stram, men med potensiale. Eg må likevel framheve ein meir utvikla … Les meir Årets beste i 2024