Tribaut Instant Gourmand Sec

I sommar slapp Vinmonopolet eit knippe sjampanjar under 250,- som strileavdelingen hjå Nattverden var kjapt ute og skaffa seg. Undervegs har vi testa Philizot & Fils, Bliard-Moriset og Diane De Chappotin – no avsluttar vi kvadrologien med Tribaut Instant Gourmand Sec som utifrå namnet  antakeleg vil opplevast som søtare enn dei førre flaskene. Apropos namn: at dei putter ‘Instant Gourmand’ på etiketten trigger fordommar hjå meg – om eg legg godvilje til så meiner dei antakeleg at vinen er så god at det er lett å drikke (for mykje av) han…

Les meir «Tribaut Instant Gourmand Sec»

Manincor Kalterersee Keil 2014

Manincor-familien har med handa på hjartet drive familiegarden i Kaltern i det som med tid og stunder vart norditalia, heilt sidan dei fekk jordlappen i gåve frå den austerrikske keisaren i 1608. Undervegs gifta Enzenbergarane seg til gards, og i dag er det Grev Michael Goëss-Enzenberg som styrer skuta. Då han overtok i 1991 var druene etterspurd salsvare til kooperativa i nordtyrol, men Manicor produserte … Les meir Manincor Kalterersee Keil 2014