Wine with altitude

Bukettraube – etter kvart som innhaldet i flaska forsvinn vert det meir og meir morosamt å sei namnet  høgt – er mellom dei svært sjeldne drueslaga. I utgangspunktet er Bukettraube den første krysninga i moderne tid og er halvt Silvaner og halvt Trollinger. Opphavleg  frå Tyskland, men der var ho sårbar for mjøldogg og modna seint – visstnok skal det finnast litt beplantning i Alsace, men det er i Sør-Afrika ho har funne den siste tilfluktsstaden. I dag er det berre knapt 77 hektar med drua igjen i verda.

Les meir “Wine with altitude”

Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

At musikarar interesserar seg for vinproduksjon har liksom blitt ei sedvane – i Noreg har vi Wongraven, Sambandsstatane har Les Claypool, og Storbritannia har… Sting? Jauda, Trudie Styler og ektefelle Gordon Sumner – novocastrianaren som ikkje hadde smakt vin før han nærma seg 30 – kjøpte og fekk restaurert Il Palagio i Firenze, der det i dag vert produsert olivenolje, honning og diverse frukt, i … Les meir Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016