Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

Sercial Killer

Vesle og bratte Távora-Varosa – omtrent der Douro blir til Beira eller omvendt – kan takka Cisterciensar-munkane for dei første vingardane i området. Her veks druene 500 meter over havet, og sjølv varme dagar om sumaren kan ikkje kompensera for kalde netter, noko som gjer at dei ofte strevar med å bli ordentleg modne. Om noko vin skal bli bra her så må det vera musserande.

Les meir «Sercial Killer»