Aktuell tørr furmint

Den tørre oppstarten Seriøs tørr furmint har no vore laga i Tokaj-Hegyalja sidan Oremus lanserte Mandolas Furmint fyrste gong i 1997. I 2000 skapte Istvan Szepsy vinen Úrágya Furmint frå vinhuset Kiralyudvar, og sidan har han vore hekta. Tørr furmint er altså ein ny vintype. Tørr, delvis oksidert og flor-lagra szamorodni har vore laga i lang tid, men dette har vore meir av eit restprodukt … Les meir Aktuell tørr furmint

Den internasjonale Aszú-dagen 2019

Den 10. desember er det altså duka for tredje året med ei markering av den internasjonale Aszú-dagen. Vin frå Tokaj har vore verdskjend og verdsett i mange hundre år. I dag må det meir til enn entusiastiske sunnfjordske bloggarar og god kvalitet for å nå gjennom veggen av informasjon og tilbod om god vin. Om denne dagen vert redninga gjenstår å sjå. Utfordringa for Tokaj, … Les meir Den internasjonale Aszú-dagen 2019

Terroir? Boda Furmint 2008

Dersom eit tre fell i skogen og ingen er der og høyrer det; lagar det då lyd? Dette filosofiske underlaget kan vi ha om skal omtale vinar frå nye område, eller nygamle og gamalnye vinstilar frå den gamle verda. Har ein vin eit særpreg, eller terroir, om det ikkje finst ei viss mengde menneske som stadig smakar, vurderer og samtalar om vin frå det aktuelle … Les meir Terroir? Boda Furmint 2008