Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Så er siste dagen komen. Bilen vår er full av vin og familien er klar for å køyre nordover att. Arbeidet for min del er ferdig. Gjæren arbeider enno i nokre fuder og ståltankar. Men det er ikkje lenge att før alle vinane frå 2019 har nådd sitt ekvilibrium. No skal dei, etter omstikking og svovling, få mognast i det stille. Så er det tapping … Les meir Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Immich-Batterieberg

Sidan eg er i Traben-Trarbach er det greit å besøke nokon av dei andre vinprodusentane i området. Eg tok difor ein tur til nabobyen Enkirch, fem km nedstraums, der Immich-Batterieberg held hus. Vinmakar og frontfigur Gernot Kollman er så vidt ferdig å fylle pressa for dagen. Han er ikkje nøgd med vêret og årgangen. Med ein portefølje av hovudsakleg tørr vin, er vinmarker fulle av … Les meir Immich-Batterieberg

Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp. Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015   Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny … Les meir Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015