3 feinherb til god pris

Det er vår og temperaturen her på vestlandet har forlate vintergradene. No ser vi framover, på alle måtar. La oss servere ein salat, ein asparges eller ein makrell. Eller berre opne ei flaske som du har lyst å glugge nedpå. Og kva er vel meir gluggevenleg enn fersk og fruktig riesling feinherb frå Mosel? Dette kan lesast retorisk, eller svar gjerne i kommentarfeltet om du … Les meir 3 feinherb til god pris

Riesling on The Fly

Grunnlagt i 1711 og mildt sagt ein veteran når det gjeld dyrking av riesling rundtomkring Forst og Deidesheim. Det er liksom ikkje mangel på legendariske vinmarker i Pfalz – Pechstein og Ungeheuer kjenner vi frå Mosbacher, Jesuitengarten frå tidlegare møter med Acham-Magin.

Skuffande nok har vinmarka Mäushöhle ingenting med Tom & Jerry å gjere, men kjem frå familienamnet ‘Maus’ saman med eit leksem av det tyske ordet for skråning. Familiegard heile vegen, økologisk sidan 2010, biodynamisk sidan 2012…

Les meir “Riesling on The Fly”

Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

«Selv om det er rustikt, skal det være pent», sa Morten med restaurantsjef-røyst. Eg var henta inn som kokkeslask på choucroute-middag – han hadde spotta ein oversett potetskalflekk etter skrellinga, og gav meg ei påminning om at også det enkle skal gjerast ordentleg. Etter to dagar med sol og temperaturar over 10 grader går eg sjølv inn i ei årstid der eg søkjer det enkle … Les meir Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016