Lo-Fi Gamay Noir 2016

Etter at dei skjerpa seg i Beaujolais, må vel Gamay vera verdas mest anvendelege raudvinsdrue? Lett og leskande til uformell drikking, lav alkohol slik at ein kan ta berre-eitt-glas-til-takk-skal-tidleg-opp-og-få-noko-ut-av-dagen, ryggrad nok til å takla ein matbit, du får mengder av sommelier-kred, og prisnivået er behageleg. Vin frå Moulin-à-Vent, Morgon og Fleurie gjev enormt med drikkeglede – korleis vil same drue oppføra seg med oppvekst i Sambandsstatane?

Les meir “Lo-Fi Gamay Noir 2016”

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015 Eksentrisk antipode-vin med uvanleg drueblanding frå ein uvanleg vinbonde som heller ville studera botanikk enn tradisjonell vinmaking. Målet er minst mogleg innblanding i prosessane fram til det ferdige produktet. Han brukar heile drueklasar, vinen har spontanfermentert, er ufiltrert og det er gjort minimalt med svovling. «For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a … Les meir Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

San Polino Rosso di Montalcino 2011

«No grape brings more joy or more pain» (Carlo Ferrini) Sangiovese –  Jupiters blod, og arbeidshesten i Italia si mangfaldige drueverd, brukt i alt frå enkle bordvinar til supertoscanarar til søt passito. Det er ei drue du antakeleg har smakt – enten i chiantien du tok med på ex. Phil-fest i studiedagane for å visa din gode vinsmak (sjølv om du uttalte han feil), eller … Les meir San Polino Rosso di Montalcino 2011

SUERTES DEL MARQUÉS LA SOLANA 2015

Visst kan los tinerfeños vin. På Tenerife har dei laga vin i hundrevis av år, vin som er hylla av både Shakespeare og Walter Scott, ikkje minst malvasia canary som på 1600-talet vart rekna som i verdsklasse før fleire vulkanutbrot øydela heile greia utover 1700-talet. På nordskråningen av Teide har Suertes del Marqués varme dagar, men blir heldigvis kompensert av kjøleg vind frå Atlanterhavet.

Les meir “SUERTES DEL MARQUÉS LA SOLANA 2015”