All That Jas

Om eg berre skulle følgd éin vinrelatert Instagramkonto, så ville det noko vore Jasmine Swan. Frå ho forlét Dill i Reykjavik for å laga vin i Mosel og etter kvart Rheinhessen, har ho delt ikkje berre oppturar, men også katastrofar. Her har vi fått vore med på råtne vinkjellarar til leige, nedlatande vingubbar, gnagarar litt for tett på kjellarleiligheten, reine løgner: “I’ll never make petnat again”, og lettelse: ” at least this year the tank didnt fall over…” Ho har laga små, informative snuttar om alt frå filtrering til brett til kva-kostar-ei-flaske-vin-å-produsere, samt eit sideprosjekt med Katla kondomer(!).

Les meir “All That Jas”

Vini d’Ischia Biancolella

Stakkars Ischia. Med strategisk plassering utanfor Napoli, har den vesle øya vore mobbeoffer for små og store makter gjennom nokre tusen år, i tillegg til vulkanutbrot og generell piratverksemd. Byta mot Capri av Keiser Augustus, teken av herulerane, så av austgotarar, så av romarane igjen, så arabarar, tyskarar, normannarar, pisanarar, franskmenn, engelskmenn og ein heil del andre i ymse rekkefølgje.

Les meir “Vini d’Ischia Biancolella”

Ved foten av Ararat

Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus-vegkryssa i historia, forsøkt utsletta av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon etter at Sovjetunionen rota til jordbruket deira. Zorah Voskì var mellom favorittane eg smakte i 2020, men hadde ein pris over 350,- Kan meir budsjettorienterte vinar gje drikkeglede?

Les meir “Ved foten av Ararat”

Vellukka Experiment

Trass den mørke fargen er prokupac tradisjonelt mest brukt til rosévin eller i raud blend med meir populistiske druer. Sjølv om drua er vanleg i det tidlegare Jugoslavia, er den hardføre sorten, som fint tåler temperaturar ned mot minus atten gradar, knapt kjend utanfor Serbia, Kosovo og Nord-Makedonia. I Serbia kjem ein ny generasjon med småskala vinprodusentar ut av garasjane sine – og Radovan Djordjevic hjå Podrum Čokot vil gjerne syna at prokupac kan fungera åleine som raudvin.  

Les meir “Vellukka Experiment”

Den Første Nattverden

-Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. I talen til disiplane under den første nattverden (eller den siste – alt etter perspektivet)  synte Jesus nok ein gong for ein gudbenåda retorikar han var. Kveldsmåltidet skjærtorsdag startar ei serie hendingar med  truskap og svik, benektning og benåding, død og attkomme. Hendingar som har forma – og fortset å forma – verda vi lever … Les meir Den Første Nattverden

Mens vi venter på Gaunoux

Med i praksis stengde grenser er det trøkk på Vinmonopolet sine nettsider, og då vinen eg hadde bestilt vart utsett for cancel culture og ikkje levert, antok eg det var Skynet avd. Vectura som hadde rota det til. Lett overraska oppdaga eg etter kvart at flaska levde som ein slags Schrödingers Chardonnay på lokalpolet mitt, både kansellert og i butikken på ein gong.

Les meir “Mens vi venter på Gaunoux”

Voskì in a teacup

Det hjelper liksom ikkje å ha verdsrekorden i vin (sjølv om Georgia er ueinig) når Sovjetunionen rota det til for jordbruket ditt. Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus- vegkryssa i historia, utsett for folkemord av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon. Lukkast dei?

Les meir “Voskì in a teacup”